Notater |
- Fra Nrk's Fylkesleksikon:
Jonas Lund (1801?1886) frå Farsund, busett på Kjørnes i Sogndal. Prokurator (sakførar).
Mora hans var av tysk ætt, og hadde vore hoffdame hjå ei hertuginne. Ho kosta juristutdanninmg på Jonas Lund. I 1830 vart han underrettsprokurator i Nordre Bergenhus amt.
I 1835 kjøpte han garden Kjørnes av Wollert Formann Kaas og starta advokatpraksis. Saman med sorenskrivar Cappelen i Fresvik og sakførar Fredrik Christian Juell rota han seg bort i bedrageri og misbruk av embetet, og vart dømd frå stillinga i 1851. Kjørnes vart selt på tvangsauksjon i 1864.
Lund budde ei tid i ei stove ved Hagagrovi før han seinare flytta til Bergen. Stova vart flytta med, og murane etter stova ved Hagagrovi vert framleis kalla ?Lund-muradn?.
Far til Hartvig Kaas Munthe Lund og Bolette C. Pavels Larsen.
|